Torsdag er det meldt om overskya og opp mot 27 grader utover dagen. Fredag blir det skiftande skydekke og glimt av sol, med 18 grader på dagtid, og opp mot 21 grader frå ettermiddag av.

Laurdagen startar med skya vêr og kring 18 grader, før det er meldt opp mot 23 grader på ettermiddagen og kvelden.

Det er heller ikkje venta særleg vind på Nordfjordeid denne helga, og heller ikkje noko nedbør. For festivaldeltakarane som skal sove i telt er gradestokken venta å halde seg på 16 grader om nettene, ifølgje yr.no