Dette melder Fjordabladet.

Det er Søre Sunnmøre tingrett som har sett mannen under tiltale. Mellom anna for innbrot og skadeverk i Eid kyrkje, der tiltalen er eit erstatningskrav på 1.152.000 kroner. Mannen i 20-åra er også tiltalt med påstand om erstatning på 98.500 kroner for å ha rasert to leilegheiter i Volda i mars i år, melder avisa.

Brannalarmen vart løyst ut, og både brannvesen og politi rykka ut til staden.

Mannen var ikkje på staden då politiet kom til kyrkja, men han vart seinare arrestert på i ein bustad i Eid. Mannen i 20-åra var rusa då han vart arrestert av politiet.

Innbrotet fekk mykje merksemd, og kyrkjeverje Kristen Hundeide fekk over hundre telefonar frå folk som vil hjelpe til, eller som berre vil uttrykke medkjensle og sympati. Etter ei veke med reingjering vart Eid kyrkje opna att 8. desember.