Ifølge Redningsselskapet er det fleire ting som kan vere nyttige å ta med seg dersom ein skal ut i båt med hund. - Det er ikkje til å stikke under ein stol at fleire hundar likar seg best med fast grunn under potane, skriv dei. Dei anbefalar følgande dersom ein skal ut med hund:

  • Første bud er å alltid ha flytevest på hunden. Sjølv om dei kan vere gode symjarar kan dei lett få panikk om dei hamnar over bord.

  • For å forhindre at hunden hamnar i sjøen kan ein bruke sikkerheitsline.

  • Solbriller til hunden kan vere lurt, då dei faktisk kan bli snøblinde på sjøen. Refleksar frå sjøen gjer at sola blir like skarp som på påskefjellet.

  • Bruk tepper og matter slik at hunden får godt feste.

  • Dersom hunden er stor kan det vere lurt med landgang.

  • Hugs å ta med nok vatn!

  • Unngå sjøsjuke ved å la vere å mate hunden rett før båttur. Dyrlegar kan òg skrive ut resept på beroligande midlar.

  • Hunden likar å ha ein fast, trygg plass i båten.

  • Ha alltid med hoggormtablettar då det kan ta lang tid å kome seg til veterinær.

  • Ikkje gå i land på plassar kor det er mykje fugl.

Det kan også vere lurt å alltid la hunden få en god tur før ein legg ut på sjøen.