Det er mange ting ein som eigar kan gjere for at hunden skal få ein så god tur på sjøen som mogleg. Illustrasjonsfoto: Redningsselskapet

Det er mange ting ein som eigar kan gjere for at hunden skal få ein så god tur på sjøen som mogleg. Illustrasjonsfoto: Redningsselskapet

Slik får hunden ein fin båttur

Dersom du skal på båttur med hund er dette lure tips å hugse på.

Ifølge Redningsselskapet er det fleire ting som kan vere nyttige å ta med seg dersom ein skal ut i båt med hund. - Det er ikkje til å stikke under ein stol at fleire hundar likar seg best med fast grunn under potane, skriv dei. Dei anbefalar følgande dersom ein skal ut med hund:

  • Første bud er å alltid ha flytevest på hunden. Sjølv om dei kan vere gode symjarar kan dei lett få panikk om dei hamnar over bord.
  • For å forhindre at hunden hamnar i sjøen kan ein bruke sikkerheitsline.
  • Solbriller til hunden kan vere lurt, då dei faktisk kan bli snøblinde på sjøen. Refleksar frå sjøen gjer at sola blir like skarp som på påskefjellet.
  • Bruk tepper og matter slik at hunden får godt feste.
  • Dersom hunden er stor kan det vere lurt med landgang.
  • Hugs å ta med nok vatn!
  • Unngå sjøsjuke ved å la vere å mate hunden rett før båttur. Dyrlegar kan òg skrive ut resept på beroligande midlar.
  • Hunden likar å ha ein fast, trygg plass i båten.
  • Ha alltid med hoggormtablettar då det kan ta lang tid å kome seg til veterinær.
  • Ikkje gå i land på plassar kor det er mykje fugl.

Det kan også vere lurt å alltid la hunden få en god tur før ein legg ut på sjøen.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå