Saman med ektemannen Magnar Waldemarsen har ho planar om å setje opp tre hus i Kalvåg, med seks leilegheiter og næringslokale for sal og utleige, men dei har fått avslag på byggeplanane.

– Kalvåg er inne i ei god utvikling, besøksnæringa er i god utvikling og det er også fiskerinæringa. Ein har behov for bustader, og når det gjeld utvikling av distrikta så er bustadbygging gunstig, seier Frøyen.

– Vi kjem til å søke på nytt. I 2019 er det sagt at det skal lagast ny reguleringsplan. Då kan det kome endringar vi kan stelle oss til, seier ho.

Vil sette opp tre hus

I Wisehagen i Kalvåg har dei planlagt og fått teikna tre hus med totalt seks leilegheiter, samt næringslokale i første etasje i det eine huset.

– Vi har møtt nokre hindringar på vegen. Først og fremst er det den gamle reguleringsplanen for Kalvåg – der blei det lagt inn berre 25 prosent utnyttingsgrad av tomta.

Ifølgje Frøyen kunne kommunen likevel strekke seg til 35 prosent utnyttingsgrad.

– Men vi meiner då at vi ikkje kan få til den utnyttinga av arealet som vi ønskjer. Vi snakkar då opp i 45–50 prosent.

Dei ønskjer ikkje gå i gang med privat regulering.

– Vi har ikkje gått vidare, for at vi ser at det kan bli vanskeleg. Det kan fort komme opp i 200.000 kroner, og vi har allereie brukt 300.000 kroner på teikningane.

Det estetiske

Teikningane til dei arkitektteikna husa er også forkasta både av kommunen og Fylkesmannen.

– Ein er ueinige i utsjånad på husa og fasadane spesielt. Vi sendte det inn til fylket, og konsulenten der peika på at vi må halde oss til byggeskikken i Kalvåg og det som ligg i estetisk plan, seier ho, og fortset:

– At ein møter motbør når det gjeld reguleringsplanen, er forståeleg, men når det gjeld fasaden, så er det snakk om rein synsing og lite fagleg vurdert, meiner ho.

Ønskjer tradisjonell utforming

Magnhild Myklebust, leiar for plan og forvaltning, vil ikkje forskottere at ein ny plan vil tillate utbygging.

– I planstrategien som vart vedteken i kommunestyret før sommaren, så er det planar om å lage ein ny reguleringsplan for Kalvåg i 2019., seier ho

– Vil det vere rom for slike utbyggingar der?

– Det er vanskeleg å forskottere noko. I den førre planen står det at ein ønskjer urbanisering og fortetting, men så er utnyttingsgraden tradisjonell, seier Myklebust, som legg til at utbyggjarane kan starte privat regulering og gjennom det få opna for høgare utnyttingsgrad.

Det var formannskapet som vedtok at dei ikkje fekk byggje ut, eit vedtak som vart klaga på i september i fjor, før saka gjekk vidare til Fylkesmannen, som kom med endeleg vedtak i januar, ifølgje Myklebust.

Avslaget på byggjesøknaden handla om utnyttingsgraden, men også utsjånaden.

– Kommunen oppmodar til tradisjonell utforming og at oppløftet på bygningen lengst vest vert omgjort til spissark. Det var spesielt glasfasadane med sprinklar som var omdiskutert.

Ho ser behovet for utbygging, men legg til at det også har vore mykje utbygging i seinare i tid.