Kristoffer Westvik Lofnes (22) frå Måløy og Kokkelandslaget seier han hadde det utruleg kjekt på gatematfestivalen. Han kjem gjerne igjen.

– Eg håpar å gjere det til ein god tradisjon å kome til Eid og delta. Allereie då vi pakka ned etter festivalen, byrja vi snakka om kva som kan gjerast betre neste år, fortel den Stockholm-baserte kokken.

Han innrømmer at dei også vart overraska over det store frammøtet.

Han serverte kokketaco. Innhaldet var soyabrassert svineribbe som var langtidssteikt over natta og lagt på grillen. Kjøtet vart pakka inn i tortillalefse og servert med mangosalsa og chilimajones.

– Tilbakemeldingane har berre vore positive, fortel han.

Lofnes er i dag kjøkkensjef i verksemda JL Gastronomi, eit eventfirma som leiger seg ut til firma og privatpersonar.

– Alle vi som er involvert er konkurransekokkar. Eg er i Oslo ein til to gongar i månaden i samband med Kokkelandslaget.

– Heilt sinnsjukt

Initiativtakar Leon Knapskog kallar festivalen ein supersuksess.

– Galskap. Heilt sinnssjukt. Alt klaffa. Supersuksess!

Slik oppsummerer initiativtakar Leon Knapskog den første utgåva av Eid Gatematfestival laurdag.

– Eg har aldri sett så mykje folk i Eidsgata. Det var nesten ikkje mogleg å kome fram, seier mannen bak Minibakeriet.

Han brukte nettverket sitt, og fekk fem toppkokkar til å stille opp med sal av gatemat som tapas, kokketaco, lammekebab, bacalao og burger.

I tillegg flytta etablerte serveringsstader ut på gata med sal av alt frå kaffi, iste, alkoholfrie drinkar og bakevarer.

Produsentar som sel varer gjennom Minibakeriet supplerte. Det var også innslag av eksotiske rettar. Samla var det 19 stands fordelt utover den tradisjonsrike gata. Og dette var noko som trefte publikum. Det var eit folkehav. Kokkane hadde meir enn nok med å ta unna køane.

Fleire tusen porsjonar

– Maten smakte godt. Eit veldig bra tiltak, konkluderte ekteparet Anny og Einar Haugland som har vore gift i 60 år. Dei testar bacalaoen til Bente Vonheim.

– Vi ante ikkje kor mange som ville kome. Det vart lange køar og folk måtte vente. Men dei tok det fint. Det er litt av sjarmen, meiner Knapskog, og fortel at det vart selt mange tusen porsjonar mat.

– All maten var vekk.

Kokkane var bedne om å lage 300 porsjonar kvar. Dei dreiv sine eigne butikkar, og alle kom ut i pluss.

– Alle tente gode pengar, bortsett frå meg. Eg berre jobba, fleipar Knapskog.

Minibakeriet laga over 1.000 bollar og 500 burgerbrød til festivalen. Alt vart selt.

Planlegg ny festival

Ifølgje initiativtakaren byrja kokkegjengen å planlegge ny festival neste år allereie på festen om kvelden.

– Alle var i ekstase, og vil kome tilbake neste år. Då må vi finne på nye ting – fleire kokkar, meir effektivt sal, annan mat, men i same ånd, seier Knapskog.

Han seier dei lærte mykje av årets festival, og kva dei må gjere betre.

– Vi må organisere det betre. Til denne festivalen er det berre eg som har jobba på fritida. Vi må investere i stolar og bord, og betre tilhøva der kokkane jobbar. Vi gjekk tom for myntar til vekslepengar, så neste gong blir det runde prisar.

– Kva betyr festivalen for faget i regionen?

– Alt som set søkjelyset på matglede er positivt. Vi presenterer mat på nye måtar. Det blir noko ekstra som skapar glede rundt mat. Det handlar om å finne nye måtar å få folk interessert på.