- Desse har vore ekstremt kjappe, og for første gong ligg dei ein dag framfor skjema, seier Espen Kirketeig i opplæringskontoret for teknologi- og industrifag.

Han fortel at leiren har som mål å få folk til å bli bedre kjend med teknikk- og industriell produksjon (TIP).

- Detter er ei veke kor ein kan prøve og sjå om TIP er noko for dei, slik at det blir enklare å ta valet når dei er ferdige på ungdomsskulen.

Veka er i utgangspunktet for personar føydde i 2002, men dersom det er plass får også andre lov til å vere med.

- No har vi folk frå 13 til 15 år her, fortel Kirketeig.

I alt fem gutar brukar veka si på Måløy vidaregåande, og fleire av dei kunne tenkje seg å gå denne vegen etter å ha vore med på teknoleiren.

- Eg er veldig interessert i teknologi og modellering så dette er utruleg spennande og noko eg kjem til å satse på, seier Mikhail Sukhanik (14).

Les meir om Teknoleiren i fredagsavisa.