– Gjestene strøymer på. Vi er midt i juli, og til no har vi hatt fleire gjester enn i heile fjorårssesongen. Frå no og til over Kystfestivalen er det heilt fullt. Så det er svært god start for oss, seier Roald Kjelstad i Kjelstad hytteutleige i Kalvåg.

Han kjøpte den tidlegare bedriftshytta til Gjensidige i fjor, og leiger ut tre hytter med sju soverom og 20 sengeplassar, i strandkanten eit sluk-kast frå Kalvåg sentrum.

– Eg fekk kjøpe indrefileten i Kalvåg, og har ikkje angra ein dag. Her er det berre fantastisk.

Kjelstad dreiv hytteutleige i Viksdalen i Gaular, første gang han kom til Kalvåg.

Perfekt kombinasjon

Det første besøket i Kalvåg sette sine spor:

– Det første eg tenkte var; Oi, finst det ein slik fantastisk plass, berre to timar frå Førde?

Det gjorde det. Så godt likte han seg i Kalvåg at då bedriftshytta til Gjensidige vart til salgs nokre år seinare, kjøpte han den, og gjekk frå å vere hytteleigar til hytteutleigar på kysten, i tillegg til hytteutleige 300 meter over havet i Viksdalen.

– Ein perfekt kombinasjon, seier han sjølv.

Kjelstad kjente godt til Gjensidige-hytta før han kjøpte. Han leigde der i fleire år fram til 2015. Men då Gjensidige-leiinga i Oslo meinte at bedriftshytta ikkje vart nok brukt av dei tilsette, og la den ut for sal, då vart han interesserte

– Eg kunne jo ikkje risikere at hytta vart selt, slik at eg ikkje fekk feriere her meir! Til mi store overrasking var det berre tre som la inn bod på eigedommen. Taksten var på 6,1 millionar, men dei to andre gav seg tidleg, så eg fekk den langt under takst. Eit røverkjøp for ein så praktfull eigedom, seier ein smilande Kjelstad.

– At han gjorde eit godt kjøp har han fått mange tilbakemeldingar på. I ettertid har det har kome fleire som vil kjøpe eigedommen. Til ein høgare pris enn det han gav for den.

– Men det er ikkje interessant, eg sel ikkje. Her blir eg. For det fine med dette at i tillegg til å leige ut hyttene, fekk eg meg hytte på kysten. Her er som ofte eg kan. Når det er ledig her då!

Bedriftshytta var bygd i 2003, og er godt vedlikehalde. Eigedommen er på tre hytter med tilsaman sju soverom og 20 sengeplassar, heilt i strandlinja, med naust, båthus og grillhytte. Det også med båt for fiske og krabbeteiner.

Det første han gjorde då han overtok, var å få lagt inn fiber.

– Det første folk spør om når dei kjem, er om det er Internett og TV. Vêret er dei ikkje så opptekne av, det tek dei som det kjem. Men Internett må dei ha!

God auke

Sjølv om det var kort tid til sommarsesongen og Kjelstad hytteutleige i Kalvåg var lite kjent, kom det bra med folk for å leige.

– Vi var nøgde med første året, men i år blir det ein god auke. Vi har hittil i år leigd ut for meir enn i fjor, seier han.

Det er allereie behov for fleire sengeplassar, og i første omgang er planen å bygge hems på ei hytte for å få det til.

– Gjestene kan leige ei av hyttene, eller alle. Det har skjedd fleire ganger at grupper leiger heile anlegget til spesielle dagar, og så går dei inn til førsteklasses mat på Knutholmen, ein av Norges beste restauranter.

Han ser ikkje dei som konkurrentar.

– Knutholmen er den store motoren som dreg turistar til bygda. Vi har blitt tatt godt imot og har eit godt samarbeid med Knutholmen. Dei kan leige rom av oss ved behov, og eg leiger dei for vask og sengetøy.

13 millionar har han investert i Viksdalen og i Kalvåg, men gjelda er ikkje større enn at han handterer den greitt.

– Eg søv veldig godt om natta. Særleg her i Kalvåg. Det seier gjestene mine også. Det er den gode sjølufta, veit du!