– Vi fekk innspela frå MVS-elevane, og det vart spelt vidare til dei rette instansar. Men eg må innrømme at det ikkje har skjedd noko fysisk som eg kjenner til, seier ordførar Kristin Maurstad (Ap).

Blei utfordra

For eitt år sidan blei ordføraren og Kristian Skibenes (H) utfordra av elevane ved helse og oppvekstlinja ved Måløy vidaregåande skule til å prøve å ta seg fram med rullestol gjennom Måløy sentrum.

– Eg var ikkje klar over at det var så mange høge kantar og kor vanskeleg det eigentleg var å ta seg fram, sa Maurstad då.

Dei to politikarane brukte vel eit kvarter på strekninga frå servicetorget til kommunen og bort til tidlegare Narvesen, ei strekning på vel 70 meter.

Sentrumsplanen

Ordføraren fortel at universell utforming må sjåast på i samband med sentrumsplanen.

– Den er som kjent ikkje ferdig. Men dette må eg ta med meg vidare endå ein gong. Dette er noko vi må ha fokus på. For det var ikkje enkelt å vere rørslehemma i Måløy sentrum, seier Maurstad.

Ho fortel at arbeidet med sentrumsplanen held på, men at ein ikkje kan seie nøyaktig når den blir ferdig.

– Eg er heilt einig i at vi må ta grep. Og så er det jo ulike instansar som har ansvar for delane av byen. Nokre innspel gjeld riksvegen, andre er eit kommunalt ansvar og noko går på inngangar til gårdeigarar, seier ordføraren.

Bli meir bevisst

Sjølv om det ikkje har skjedd noko med den universelle utforminga etter at ordføraren sjølv fekk prøve seg i rullestolen, set ho pris på engasjement og initiativ rundt universell utforming.

– Dessverre er vi nok ikkje der at det har skjedd noko. Men det er flott at det blir sett fokus på det, så vi kan bli meir bevisste på det, seier ordførar Kristin Maurstad.