I går kom han til Måløy i rosa limousin etter å ha besøkt lokale bensinstasjonar og butikkar som skal vere med på prosjektet.
- Vi har fått med oss Yx i Deknepollen, på Stårheim, Nordfjordeid, i Stryn og i Florø. Samtidig har vi nesten landa ei avtale med nokre kiwibutikkar, fortel han.
Falch Stokke har både foreldre og anna familie i Måløy, og budde her sjølv for 2013 til 2015. Ein av grunnane til at han ville utvikle appen var å få kundane tilbake til lokale butikkar.
- Internett tek ein større og større del av marknaden, og no håpar vi at dette kan bidra til å gi dei lokale butikkane ein større bit av kaka, forklarar Falch Stokke.
Du kan lese meir om pølse-appen i tysdagsavisa.