Politiet har styrka vakthaldet i samband med Malakoff Rockfestival for å vere sikre på at tryggleik og god festivalstemning er ivareteken, og også på festivalen sin siste kveld ser dette ut til å ha fungert etter planen.

Politiet i Eid rapporterer ingen hendingar frå Malakoff eller kommunen i det heile natt til søndag.

Natt til laurdag meldte Vest politidistrikt berre om ei hending på Nordfjordeid.

Klokka halv fire laurdagsnatta måtte politiet ta hand om ein ein mann som var så rusa at han var ute av stand til å ta vare på seg sjølv. Vedkommande fekk tilbringe natta i drukkenskapsarresten.

Mannen var i 20-åra. opplyser politiet, men seier ikkje noko om vedkommande fann seg inne på campområdet til Malakoff eller i Eid sentrum.

.