- Det dreier seg om ungdom og høg fart på moped med eller utan hjelm, og spesielt i ytre delar av Bremanger kommune, skriv lensmannen på Facebook.

Gulliksen peiker på at det skjer mange lovbrot i Bremanger kvar dag, som foreldre kanskje ikkje bryr seg så mykje om. Ungdom køyrer hoverboard fordi ingen forstår dei kompliserte reglane, kanskje får 14-åringen prøve ATV'en, dei køyrer utan hjelm, eller får lov å køyre pappa sin store båt utan båtførarprøve.

Gulliksen seier klart frå at foreldre må begynne å bry seg om dette. Det kan få konsekvensar for barna, både i form av ublide møte med politiet, men også verre.

- Eg vil som forelder seie klart i frå at dette ikkje er greitt. Lovane er til for å haldast, og som forelder prøver eg å oppdra barna mine til å bli lovlydige. Dei må forholde seg til aldersgrenser som er gjevne uansett om eg forstår dei eller ikkje. At naboen då gjer poden sin lov til å bryte lova, gir meg utfordringar i å forklare grensesetjinga for mine eigne barn, skriv Gulliksen.

Mange har kommentert lensmannen sitt innlegg, og takkar for at ein har politi lokalt som tek ansvar på denne måten.

Her kan du lese heile innlegget til lensmann Espen Gulliksen:

"Dei siste par vekene har lensmannskontoret fått eit utal av meldingar frå folk om mykje uvettig køyring med bil og moped i Bremanger kommune. Dei aller fleste meldingane dreier seg om ungdom og høy fart på moped med eller utan hjelm, og spesielt i ytre delar av kommunen.

Vi patruljerar utover rett som det er, og vi merkar når vi er utover at jungeltelegrafen går om vårt nærvær. Men loven gjeld også her, og konsekvensane og skadefølgjene av ulovleg og uvettig køyring antas å vere dei same som ellers om poden vert stoppa eller kjem utfor ei ulukke.

Men det gjeld ikkje berre i ytre delar av kommunen. Foreldre til ungdomar med moped oppfordras herved til på sjekke podens køyretøy ein gang imellom. Og har du ikkje greie på moped, så kan det seiast so enkelt at dersom den går i 50 km/t eller meir på flata, so er den ulovleg trimma.

Mitt ansvar er å handheve lova, og eg gjer det når eg kjem over ulovlegheitar. Dere foreldres ansvar er å setje grenser slik at ungdomane dykkar ikkje får ein kjedelig oppleving med politiet eller står som ansvarleg for ein tragisk hending.

So står det kun att å minne om orda vi skreiv i fjor. Eg trur det hadde ein vekkande og preventiv verknad. Håpar dei fungerar i år og.

TIL ALLE FORELDRE

Kvar einaste dag denne sommaren skjer det lovbrot i Bremanger. Lovbrot som ikkje alle foreldre synes det er so nøye med.

Det kan vere at dei let eigne ungdomar køyre moped utan hjelm eller før dei er gamle nok. Då slepp dei maset frå poden.

Det kan vere at 14-åringen får køyre ATV'en slik at han endelig kan gjere nytte for seg på garden.

Kanskje gutungen utan båtførarprøva skal få køyre pappas store båtmotor slik at han slepp å byte til 9,9'en.

Eller kanskje ungen skal få lov å køyre hoverboarden, for den lova forstår vi ingenting av uansett.

Då vil eg som forelder seie klart i frå at dette ikkje er greitt. Lovane er til for å holdes, og som forelder prøver eg å oppdra barna mine til å bli lovlydige. Dei må forholde seg til aldersgrenser som er gjevne uansett om eg forstår dei eller ikkje. At naboen då gjer poden sin lov til å bryte lova, gir meg utfordringar i å forklare grensesetjinga for mine eigne barn.

Som lensmann og innbyggjar i Bremanger ser eg av og til disse lovbrota. I uniform vil du sjå meg reagere stort sett kvar gong eg kjem over noko slikt.

Du vil ikkje se meg springe etter mopedistar utan hjelm når eg ferdas rundt i kommunen på min fritid. Kanskje reagerer eg heller ikkje på at poden din køyrer båten din eller tek ein tur på Hoverboarden. Men det betyr ikkje at eg synes det er greitt. Det er berre det at eg også kan ha andre ting å gjere på fritida enn å setje dei grensene andre burde ha satt.

Lovbrot har ein smitteeffekt. Lar eg poden din bryte ei lov, så kan naboen tro at eg lar hans pode bryte ei anna lov ein annan gong.

Med dette vil eg si at eg når som helst, også på mi fritid, kan slå ned på lovbrot av alle slag. Resultatet kan vere at eg kallar deg og din håpefulle inn til eit avhøyr på lensmannskontoret, og i ytterste konsekvens kan du få både bot og inndragning av førarkort.

Spør du meg, så er ikkje det det verste som kan skje. Verre er det om du som forelder har sørga for at poden har brutt lova og ikkje får ta førarkort når han eller hun er gamal nok, mens alle kameratane køyrer rundt med sine bilar eller mopeder. Berre fordi du ikkje torde å si "nei".

Kun ei oppfordring til alle ungdomsforeldre til slutt.

GJER BARNA EI TJENESTE! SETT GRENSER!"