Sekstenåringen er no i Nepal der ho skal jobbe frivillig i tre veker.

– Eg skal bruke den eine veka på å male ein skule, og så skal eg vere med borna, gjere aktivitetar og lære dei om hygiene, seier den engasjerte jenta.

Kan bli tøft

Emma fortel at ho lenge har tenkt på å gjere noko slikt, men at det var tilfeldig at ho enda opp i Nepal.

– Eg har alltid hatt lyst til India og synest det er spennande med nye kulturar. Men då eg var lita var eg veldig redd for jordskjelv, og sidan mange i Nepal framleis har det vanskeleg etter jordskjelvet i 2015 vil eg bruke sommaren på å hjelpe dei, fortel ho.

Bøker: Emma har mellom anna med seg barnebøker til ein ny skule som skal etablerast.

Emma forklarar at ho gler seg aller mest til å helse på og bruke tid med borna.

– Dei aller fleste bur på barneheim og har ein heilt annleis oppvekst enn meg, så eg trur nok det blir tøft å sjå korleis dei har det, påpeiker ho.

Emma fortel at ho likar å kaste seg ut i ting, og bestemde seg for å reise ganske fort.

– Mange av vennane mine drar på språkreise, så dei blei nok litt overraska. Men eg ville gjere noko annleis, så då blei det slik, smiler ho.

Då ho fekk vite at organisasjonen ho reiser med har planar om å etablere bibliotek var ho heller ikkje sein med å engasjere seg i saka.

– Eg publiserte eit innlegg på Facebook der eg spurte etter engelske barnebøker, leikar og kle. Responsen var overveldande, fortel ho.

Spent på kulturen

Sjølv om Emma lenge har vore vand med å reise aleine, er ho litt nervøs før avreise til Nepal.

– Det er første gang er så langt vekke aleine og eg veit berre at eg skal bu på eit slags hostel. Men heldigvis er eg ikkje kresen og veldig glad i å smake på ny mat, fortel ho og legg til at mor hennar er den aller mest skeptiske.

Når ho kjem heim flyttar Emma til Sandane for å gå studiespesialiserande på Firda, og det er ikkje tilfeldig.

– Eg vil gjerne jobbe med å hjelpe andre, og så såg eg at dei hadde ein innsamlingsaksjon til eit prosjekt i Tanzania på gong, smiler sekstenåringen.