– Det begynte veldig forsiktig med nokre få sjeler som starta havfiskeklubben og deretter festivalen. Det har heile tida vore eit sterkt fokus på at ein ikkje skulle bruke pengar ein ikkje hadde, fortel Sunniva Oldeide i festivalen.

For heile organisasjonen har det vore viktig å bygge opp arrangementet stein for stein, slik at ein ikkje skulle ende opp med eit underskot.

– Det har vore nokre store tankar undervegs, men samstundes har det vore målet heile vegen at vi skal bygge oss opp gradvis. I fjor dobla vi talet festivaldagar og fekk inn nye folk. Vi har køyrt det same løpet i år, for at vi skal takle det både økonomisk og i organisasjonen, seier Oldeide.