No håpar prosjektleiar Kent Rune Bugjerde at nye prosjekt vil gje vidare «byggeboom» for selskapet.

Omsetnaden til Vågsøy-selskapet auka frå 42 til nær 53 millionar i 2016 og resultatet før skatt auka frå 1,1 millionar til nær 2,5 millionar.

– Vi har jo halde på med Bryggen Panorama, og prosjektet har blitt drifta godt og drive på ein effektiv måte. Vi er 35 tilsette, og vi har ein bra arbeidsstokk og flinke folk. Det er deira forteneste at dette har blitt bra, seier Bugjerde.

Han forklarar at ein året før brukte ein del midlar på prosjektering av Bryggen Panorama, og inntekter derifrå no blir synlege i rekneskapen.

Bedrifta er også i gang med å byggje ein hall for Stadyard på Raudeberg, samstundes som dei jobbar på eit prosjekt for Sibelco på Åheim og skal begynne å byggje to leilegheiter i kjellaren på Amonda Vista i Måløy. Desse prosjekta held UNU i arbeid fram mot nyttår.

Prosjektleiar Kent Rune Bugjerde i UNU håpar selskapet får selt nok leilegheiter i Englundtunet i Eid og Bryggekanten på Bryggja så dei kan starte bygginga. Arkiv

– Vi trudde det skulle bli roleg etter Bryggen Panorama i mai, men vi har full aktivitet utover hausten, seier Bugjerde.

I september vil også prospekta på dei elleve leilegheitene i Bryggekanten på Bryggja bli klare. Interessa har vore stor.

– Vi har 25 på interesselista. Det blir veldig spennande.

– Leilegheitene er i størrelse på 51–52 kvadratmeter og opp til 75 kvadrat, seier Bugjerde.

I dei opphavlege planane for Englundbygget, som UNU AS har opsjon på, var leilegheitene teikna større.

– Interessa var veldig lita. Det var også mange leilegheiter i Eid på den tida og Sagaparken kom samtidig, seier Bugjerde.

– Det er ikkje så mange leilegheiter i denne størrelses- og prisklassen. Men dei passar også for eldre. Det er leilegheiter med eitt og to soverom, og det blir heis i bygget.

Målet for UNU er å få selt sju leilegheiter før hausten, slik at dei kan begynne å byggje.

– Vi vil bestemme oss i månadsskiftet september-oktober om vi har selt nok til å byggje.