– Eg trur aldri det kjem til å bli slik at halvparten av dei i Forsvaret er kvinner, og det tenker eg er greitt. Det er forskjell på arbeidsoppgåvene, og eg ser Forsvaret sitt behov for begge kjønn. Ei 60/40 fordeling, trur eg hadde fungert fint, fortel Bale.

Hausten 2014 vedtok Stortinget å endre vernepliktslova og heimevernlova. Vedtaket gjorde verneplikta kjønnsnøytral.

Her leiar Ingebjørg Scott Bale ein tilbakemeldingsseanse i plenum. – Det er veldig viktig med tilbakemeldingar i Forsvaret, slik at vi alltid blir betre, seier 23-åringen.

Ifølge statistikk frå Forsvaret var 17 prosent av deira tilsette i august 2014 kvinner. Blant dei sivilt tilsette var talet 33 prosent, mens den var 10 prosent blant militære. På befalsskulane var 20 prosent av elevane kvinner, mens 14 prosent av soldatane i førstegongsteneste var kvinner.

Set standarden

Sidan januar 2013, då Bale melde seg til førstegongsteneste, har eidaren vore i militæret. I løpet av desse fire åra har ho aldri kjent seg urettvist behandla grunna kjønn.

– Men eg har merka at nokre har ei ulik tilnærming til meg samanlikna med gutane. Den største «ulempa» med å vere jente er synlegheita. Ein blir lett lagt merke til og det ein gjer blir hugsa av andre. Ein skil seg lettare ut frå gruppa som jente, og då blir mine handlingar meir synlege og kanskje ein standard for kva jenter gjer, forklarar 23-åringen.

Hausten 2016 vart 913 kvinner kalla inn til førstegongsteneste i juli og august. Dei utgjorde 26,5 prosent av dei som vart kalla inn.

– Eg trur miljøet blir meir ope, og at ulikskap blir meir sett pris på når det kjem fleire kvinner inn i Forsvaret. Det blir ikkje den same guteklubben som skal herje rundt, der alle må vere like store og sterke for å passe inn, seier Bale.

Sidan ho starta førstegongstenesta i januar 2013 har Ingebjørg Scott Bale vore i Forsvaret. I august byrjar eidaren på sitt siste år på Luftkrigsskolen i Trondheim.

Ho fortel vidare at det var trivselen som fekk henne til å fortsette i Forsvaret etter førstegongstenesta.

– Eg visste ikkje heilt kva eg skulle ta meg til med, så eg tenkte at førstegongstenesta ville sjå bra ut i framtidige jobbsøknadar. Men etter eg var ferdig med denne tenesta var det trivselen som fekk meg til å fortsette. Det var eit veldig bra sosialt miljø, samstundes som eg utvikla meg som person utanfor mi eige komfortsone, forklarar eidaren.

Klar for siste året

Bale starta som militærpoliti i hæren, før ho gjekk UB-kurset til Luftforsvaret på Kjevik, utanfor Kristiansand.

Eit UB-kurs eller utskrevet befalskurs er ei leiarutdanning i Forsvaret.

– Etter kurset hadde eg etterfølgande pliktteneste på Madla. Deretter reiste eg tilbake i militærpolitiet, før eg byrja på Luftkrigsskolen, fortel ho.

Bale er enno på Luftkrigsskolen i Trondheim, og i august byrjar ho på det tredje og siste året sitt der.

– Eg vil anta at det er som andre høgskular. Vi har førelesingar frå 08 til 16 måndag til fredag. Einaste forskjellen er nok at eg bur inne på leir og el alle måltid saman med medelevane mine, smiler 23-åringen.

– Målet i første omgang er å fullføre bacheloren, og etter kvart få den jobben eg har lyst på. Akkurat det med mål og kva jobb eg vil ha syns eg er vanskeleg, så eg tar det litt som det kjem eigentleg, men det handlar eigentleg om trivsel, fortset ho.

Men før den tid må Bale gjere seg ferdig med plikttenesta.

– Det har seg slik med utdanning i Forsvaret at det føre med seg pliktår, så eg må i alle fall jobbe i tre år etter fullført utdanning. Så får eg heller sjå kva lurt eg finne på når den tid kjem.