– Eg vart bråvekt tidleg på morgonen av foreldra mine som fortalde at hybelen var oversumt, fortel hybelbuaren frå Selje som i eitt år har budd i kjellarleiligheta i Nordfjordeid sentrum saman med ei venninne.

– Kloakksystemet har ikkje klart å ta unna dei store mengdene vatn, og vi har i tillegg kjellar under bakkenivå, seier Solveig Seljen Tvedt (t.h.).

I august skal ho byrje i 2. klasse på design og handverk-lina på Eid vidaregåande skule. Oversumt hybel var ikkje noko ho hadde sett for seg kunne komme til å skje då ho reiste heim til Selje på sommarferie.

– Det var veldig trist å sjå, fleire ting var øydelagt og det var ein utruleg flott hybel å bu i, fortel Seljen.

Måtte utsetje ferieplanane

Solveig Seljen Tvedt og familien bur i overetasjen og leiger ut hybelen til søskenbarnet Birgitte og venninna frå Selje. Planen var eigentleg å reise på ferie måndags morgon.

– Vi merka først ingenting, før mannen min skulle ein kjapp tur ned i kjellaren før avreise, og oppdaga då at den stod i vatn. Det er overflatevatn frå kloakksystemet som hadde stige opp gjennom slukar og toalett. Eg er veldig glad for at vi måtte ein tur ned før vi køyrde, fortel ho.

– Det er aller kjedelegast for jentene som bur på hybel i kjellaren. Alt i kjellaren må rivast, og det vil ta fleire månader før det er i orden. Vi skal alltids klare å finne ei midlertidig løysing, då alt vi har der er eit vaskerom, men dei må jo flytte ut, fortel ho.

Slik såg det ut etter at overflatevatn frå kloakken steig opp gjennom slukar og toalett.

Seljen Tvedt seier at ho aldri har opplevd slike nedbørsmengder før.

– Det var heil vanvittig med nedbør.

– Eg er berre glad for at vi har forsikringane i orden. Forsikringsselskapet var kjapt på plass og sette i gong arbeidet, slik at vi no kan reise på ferie, seier Seljen Tvedt.

Store skader

På Nordfjordeid var det fleire tilfelle av oversvømde bustadhus. Likevel kom tettstaden godt ifrå det samanlikna med andre bygder i Nordfjord. Nedbøren har fått store konsekvensar fleire stader, aller størst i Utvik, der flaumen har gjort store skader i sentrum. Dei store vassmengdene tok også med seg delar av vegane i området og to bruer langs fylkesveg 60. Andre stader som vart hardt råka er Sandane og Breim i Gloppen kommune.