– Dette gjer vi for at ungdomane skal få innblikk i det som har med fisk å gjere, samstundes som eg viser dei kor enkelt det er å lage noko ut av fisken, forklarar Myklebust, som reiste rundt til elevane på Holvik, Skram, Raudeberg, Skavøypoll og Bryggja skular for tredje gong.

Litt ekkelt og spennande

Med seg til alle skulane hadde Myklebust ulike fiskeslag, som skuleelevane fekk i oppgåve å lære meir om. Til Bryggja skule hadde han med seg torsk, havmus og kviting.

Først fekk elevane ei innføring i nokre fakta om fiskeslaga, før turen gjekk til skulekjøkkenet for filetering og matlaging.

Medan enkelte hadde nasen om lag inne i fisken, trakk andre seg tilbake.

– Det luktar veldig rart!

Men etter kvart samla alle elevane seg rundt benken for å følge med på fileteringa. Her vart både lever, hjarte og auge nøye inspisert.

Etter at fisken var gjort opp, steikte Myklebust den og serverte til elevane. Og all fisken forsvann saman med den tidlegare skepsisen.

– Det har vore slik fleire stader at elevane først er litt skeptiske, men når dei først tør å smake, så snur dei, fortel Myklebust.

Innblikk i alle ledd

Med seg til dei ulike skulane hadde Myklebust også ei oppgåve. Dei ulike klassene fekk kvar sin fiskesort som dei skulle lære meir om, for så å lage ein stor plakat med bilete og all den informasjonen dei kunne finne.

Undervegs i dette prosjektet fekk også elevane ei omvising på Snorre Seafood, der dei fekk sjå korleis fisken blir foredla i ei bedrift.

– Førsteinntrykket er veldig bra. Eg har til og med fått vite at ei av klassene har ringt til Island for å få tak i informasjon, smiler Myklebust.

Plakatane inneheld blant anna informasjon om kvar fisken vert fiska, kvar den gyt, kvar den blir selt og kva den er verdt for Norge. Mange av dei har også bilete av fiskane og oppskrifter som fortel kva ein kan bruke fiskeslaget til.