– Eg har brukt rundt tusen timar, eit halvt årsverk på å gjere bilen klar, fortel Ole Johnny Faleide, som til helga deltek på den første av totalt fire rundar i Gatebil Drift Series.

Bilen har gjennomgått ei forvandling frå då Faleide kjøpte den for 2,5 år sidan. Han legg ikkje skjul på at det også kan vere ein dyr, i tillegg til tidkrevjande hobby.

– Det kostar mykje pengar. Å køyre ei helg er 20.000 kroner berre i drivstoff og så går det 20.000 i dekk på ei helg, seier Faleide, som har starta eige firma for å finansiere litt av hobbyen.

Motorsporten handlar om å halde kontroll på bilen i fart opp mot 200 km/t.

– Eg driv Faleide motor og bilpleie på kveldstid. Eg var nøydd å gjere det for ikkje å blande familieøkonomien inn i dette, for då kan ein berre selje huset, smiler Faleide, som er driftsleiar på Johansen Slip & Mek. på dagtid.

I tillegg er han glad for større sponsorinntekter.

– No har eg sponsorar på økonomisk støtte, tidlegare var det meir at eg fekk nokre dekk og slikt. Toyota Nordfjord er hovudsponsor. Dei forstår at dette er litt spesielt, at ei grein herifrå skal konkurrere internasjonalt.

Drifting handlar om å halde kontroll på ein bil i stor fart, der løpa føregår på ei halv eller kvart bane. Dommarar dømer deretter stilen.

Det er strenge krav til sikkerheit i driftingsporten. Mellom anna skal eit sentralt brannsløkkingssystem vere på plass

– Det er ekstremsport når det gjeld bilkøyring. Ein ligg til dømes sidelengs i 200 km/t. Ein skal ha kontroll på ein bil som er ute av kontroll, i høg hastigheit. Det kan vere ein bil som kjem i 150–200 km/t i ein sving, så snurrar den rundt, og så endar du opp rette vegen i mål forklarar han.

– Korleis er det å køyre bil i 200 km/t?

– Ein tenker ikkje så mykje, ein er så full av adrenalin. Ein har andre ting å konsentrere seg om, det er ikkje rare bevegelsen før det går til «pisis».

Den store farta stiller sjølvsagt store krav til sikkerheit.

– Ja, det er strenge krav. No er det internasjonalt nivå og alvorleg strenge krav. Ramma er det første som kom på plass. Vidare er brannsløkking sentralt, der eg kan trykke på ein knapp for å skumlegge innvending, utvendig, motor og alt. Og så er det til dømes krav om spesielle drivverk og hjuloppheng.