Ho er førstekandidat på Frp-lista i heimfylket. Tysdag denne veka fekk Vanylven eit sjeldan ministerbesøk. Besøk hjå Hofseth i Syvde og Vanylven helse- og omsorgssenter på Fiskå stod på programmet, før ho fekk orientering om Rovdefjordsambandet på heimvegen.

– Eg har reist frå nord til sør i fylket. Det har vore veldig gjevande. No reiser eg tilbake til Oslo for å ivareta jobben min som innvandrings og integreringsminister, men eg kjem tilbake seinare i valkampen. Eg har sagt at eg vil bruke mine ressursar her i fylket, seier ho.

At Listhaug er ein omstridd minister, bar besøket preg av. Ho vart køyrt rundt i ein stor Chevrolet Suburban med sota vindauge, ein bil som garantert står for ein støyt.

Og ho hadde tryggingspoliti på hjul. Det var ein kontrast til den elles fredelege idyllen. Men ho hadde med seg to av borna på omvisinga hjå Hofseth.

Det kom tydeleg fram at Senterpartiet er utpeika til ein hovudmotstandar i valkampen. Ved fleire høve trekte ho dette partiet fram.

– Senterpartiet vil skrote EØS-avtalen. Det er ikkje vegen å gå. Vi vil jobbe for gode frihandelsavtalar. Så har du utfordringar med opne grenser og innvandring, det vil vi finne andre måtar å avgrense.