– Vi er godt nøgde med påmeldinga. Vi såg eigentleg føre oss at det skulle kome opp mot 150 fiskarar, men det er ikkje dei beste tidene i Europa, og Norge er ikkje eit billig land å besøke, forklarar Kjell Oldeide, som er nestleiar i Nordfjord Havfiskeklubb.

EM-deltakarane kjem frå Belgia, Island, Russland, Sveits, Skottland, Gibraltar, Norge, Sverige, Italia, Irland, England, Tyskland, Danmark samt Sør-Afrika, som har ei spesialavtale om å få delta i europameisterskapen. Til Måløy kjem også fjorårets europameistrar Trude Johnsen frå Nordfjord Havfiskeklubb og Heiko Dreier frå Irland, for å forsvare sine titlar.

Innbyrdes konkurranse

For å bli kåra til den beste fiskaren i konkurransen må du få flest poeng. Alle deltakarane er fordelt på ulike båtar, og to frå same landslag kan ikkje vere på den same båten.

– Det er ein innbyrdes konkurranse på båten om å få flest poeng. Den som gjer det har vunne båten. Ulike fiskeslag gir ulik poengsum. Ei kveite gir til dømes 50 poeng, ein torsk 15 og ein sei 10 poeng, samanfattar Oldeide.

Under konkurransen er deltakarane fordelt på om lag 20 båtar.

– Med andre ord blir det 20 personar som vinn kvar sin båt. Desse får då 100 poeng. Når dei så kjem i land blir dei 20 med 100 poeng rangert etter kven som har fiska mest i kilo, forklarar Oldeide.

Neste dag blir fiskarane fordelt på båtane på ein ny måte, og igjen får vinnaren av kvar båt 100 poeng.

– Vinn ein båten sin fire dagar på rad, så har ein gode sjansar for å stikke av med EM-tittelen, smiler Oldeide.

Avsluttar med eit smell

Etter fire dagar med fisking er det laurdag klart for bankett og premieutdeling.

– Då blir det havets festbord på Kulturhuset Parken på Raudeberg. Etter premieutdelinga og bankett blir det eit heidundrande fyrverkeri. Det blir spektakulært, lovar Oldeide.

Både han og Per Hageland, som sit i styret for Nordfjord Havfiskeklubb, har nokre tankar om kva dei håpar skjer under banketten, som markerer avslutninga på EM.

– Vi håpar jo Horst Schneider, som er president for EFSA (European Federation of Sea Anglers), vil seie som Samaranch sa etter OL på Lillehammer i 1994 – «this is the best championship ever». Det er i alle fall målsettinga til klubben, smiler Oldeide og Hageland, som gler seg til å vere vertskap for deltakarane.