– Vi stiller med Eliasbåten, plaskebasseng med småbåtar på Torget, quiz for dei litt eldre ungane, selfierebus i sentrum og SUP-brett (stand up paddleboard). I tillegg blir det open redningsskøyte, så folk kan besøke denne, fortel Kim André Nordbø Beddari, som er med i Redningsselskapet UNG Måløy.

Sørgar for noko for alle

– Vi kjem inn med eit bra konsept og viser at vi er der. Målet er at folk skal bli tryggare på sjøen. I tillegg er det viktig at det er noko å gjere for dei aller yngste under festivalen, slik at dei også kan ha det kjekt, smiler Amanda Hopland Erviksæter, som også er med i UNG-laget.

– Og så kan det jo vere at vi får nokre fleire medlemmar. Det hadde vore veldig kjekt, legg ho til.

Per i dag er det rundt 14 medlemmar i UNG-laget i Måløy. RS UNG er eit lag for ungdomar i alderen 14 til 25 år som er interessert i båt, beredskap og sjøliv. I Måløy er medlemmane mellom 13 og 22 år.

– Målet er at fleire skal bli med i laget. Vi treng absolutt fleire som kan vere med og bidra, understrekar Erviksæter.

Viser seg fram

Ein av dei store hendingane har vore Sommerskolen. I slutten av juni arrangerte UNG-laget den første veka med segling, båtliv og andre sjøaktivitetar, og neste veke er dei klare for ei ny utgåve av Sommerskolen saman med RS UNG-Bergen.

– I den første veka hadde vi ni deltakarar som fekk lære seg å ro, køyre motorbåt og segle. I tillegg fekk dei innføring i sjøvett og førstehjelp, forklarar Beddari.

Denne siste veka med sommarskule fell samstundes som havfiskefestivalen blir arrangert.

– Når vi er ferdige her på fredagen, så skal vi køyre i konvoi frå Tennebø til Måløy, smiler Erviksæter.