– Vi håpar å få med oss over 100 deltakarar. Det er eit tøft mål fordi det betyr at vi må doble talet deltakarar samanlikna med fjoråret. I 2016 dobla vi talet påmelde om ein samanliknar med 2015, forklarar Daniel Henriksson, som har ansvaret for folkekonkurransen under festivalen.

– Vi såg at arrangementet vart ein suksess i fjor, og vi trur det ligg godt til rette for at vi kan få med oss enno fleire i år. Det er ikkje anna fisking på laurdagen, og det gjer til at det er lettare å få tak i båtar. Vi håpar at det kan trekke litt folk, legg han til.

Deler inn i klasser

Folke- og barnekonkurransen går føre seg laurdag. Nytt av året er at ein vil dele inn denne konkurransen i klassene junior, dame og herre, på same måte som ein gjer det i Norgescupen i havfiske.

– Det kom fram under evalueringa etter fjorårets arrangement at folk meinte vi burde gjere det slik. Dette fordi det er mykje vanskelegare for ein 12-åring å dra opp ein tung fisk enn ein vaksen person. Det er vi heilt einige i, og har difor valt å gjere denne endringa i år, fortel Henriksson.

Dette heng saman med at vinnaren av konkurransen er den med den største fisken.

– Vi har flotte gåvepremiar. I tillegg stiller festivalen med ein Sildagut-statuett til den personen som fiskar den største fisken under festivalen, uavhengig av om det er EM-deltakarane eller privatpersonar som får den, forklarar arrangørane.

Rekruttering

Henriksson håpar at folk vil melde seg på, og understrekar at det er veldig lave krav og reglar til konkurransane.

– Festivalen stiller med båtar, eller folk kan kome med eigne båtar. Og så handlar alt om å fiske etter den største fisken. Vi ønskjer å gjere det så lett som mogleg for folk å kome seg på havet, seier han.

Arrangøren meiner det er viktig at folk får delta på fiskinga under festivalen.

– Dette gir lokalbefolkninga moglegheita til å ta del i fiskinga. Elles kjem det ofte tilreisande og profesjonelle, men vi ønskjer å få med alle, seier Henriksson, og fortset:

– Vi hadde med oss mange nybegynnarar i fjor, og dei var veldig positive i etterkant av arrangementet, fortel han.

Henriksson håpar også at fiskekonkurransane kan vere med å rekruttere fleire aktive fiskarar i lokalmiljøet.

– Den lokale havfiskeklubben treng fleire aktive medlemmar for å halde på aktiviteten i klubben, samanfattar arrangøren.