– Ein skulle tru at når det blir sendt ut ein invitasjon der det står at ein forskar er innleggshaldar, så er han objektiv. No var han tydeleg på at han støtta grensejustering. Det gav heile møtet ei slagside. Men det var ærleg av han å avklare situasjonen på førehand slik at det ikkje blir spekulasjonar, seier Midtbø.

Yngve Flo er nemleg ikkje kven som helst i kommunereformspørsmålet. Han er forskar hjå Uni Research ved Universitet i Bergen og ein av landets fremste ekspertar på kommunereforma. Før han starta innlegget på grendahuset på Bryggja torsdag kveld avklara han at han kom til å ta ein subjektiv ståstad, og han sa også at han er ein god kamerat av Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

– Men eg er ikkje gjeven nokon føringar i denne saka. Eg har avklara spørsmålet heime på kjøkenet hjå mamma.

Geografi og identitet

Flo peika på geografi og identitet som dei viktigaste faktorane for ståstaden sin.

– Men når det kjem til identitet har eg eit dilemma, for eg har sterk tilknyting til Måløy både gjennom jobb og skule. Eg meiner at i staden for at vi er her og diskuterer denne grensejusteringa, burde Vågsøy vore med i den nye kommunen saman med Selje og Eid. Men slik blei det dessverre ikkje, seier Flo.

Det kom fram på møtet at det har vore stor temperatur i saka, og mange har opplevd det ubehageleg. Det vart fortalt om harde frontar på arbeidsplassar mellom måløyværingar og bryggjaværingar, og ein politikar fortalde at han var kalla «hyklar» i det politiske miljøet. Viviann Midtbø seier ho også har kjent på ubehaget etter at ho på det første folkemøtet i januar var den som fronta synspunktet om at Bryggja bør bli verande i Vågsøy.

På møtet vart det lagt vekt på at debatten må vere sakleg, og at ein skal vere vener uansett kva retning saka tek.

Knallhard lobbyverksemd

– Det har vore knallhard lobbyverksemd og eg har fått høyre det. Men eg har bestemt meg for å ta den støyten, for eg føler det blir veldig einsidig, seier Midtbø.

Ho trur Bryggja-folket allereie har bestemt seg.

– Dei står knallhardt på sitt og er ikkje råd å diskutere med. Eg ynskjer ein god diskusjon om saka, for det er ikkje slik at eg har bestemt meg 100 prosent for kva eg vil svare i undersøkinga. Men det skal veldig gode argument til for at eg skal gå inn for grensejustering.