Betra kommuneøkonomi har vore er eit av dei sterkaste argumenta for å slå saman kommunar. Første innbetaling for Vågsøy og Flora er no overført.

Vågsøy kommune har fått 755.000 kroner i regionssentertilskot for siste halvår av 2017. Det betyr at beløpet for 2018 blir det doble, cirka 1,5 millionar kroner. I tillegg har Vågsøy fått 3,366 millionar i ei overgangsordning for kommunar som slår seg samen.

Samla for Vågsøy vil det altså utgjere cirka 5 millionar kroner i året over i dei neste 15 åra. Etter det vil pengane gradvis bli redusert, skriv Firdaposten.

– Dette er midlar som vil bety mykje for dei kommunale tenestene framover, seier ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad til Fjordenes Tidende.

Flora, på si side, får 1,445 millionar kroner i regionssentertilskot for siste halvår av 2017, og så det doble i 2018, altså 2,89 millionar.

I tillegg får Flora 4,211 millionar i overgangsordninga for samanslåtte kommunar. Totalt for Flora vil det altså bli rundt 7 millionar kroner i året for dei neste 15 åra.

Til saman for Vågsøy og Flora har vedtaket om samaslåing ført til cirka 12 millionar kroner ekstra i året.

Kommunane får også ein eingongsstønad på 40 millionar kroner i samband med samanslåingsprosessen.