Det starta med at Midtbø i sitt innlegg nemnde ulike grunnar til at ho føler sterkast tilknyting til Måløy, trakk fram det å gå på restaurant Kraftstasjonen og å kjøpte sushi. Bjørlo tok opp tråden og sa at han forsikra henne om at ho også kunne kjøpe sushi i Måløy om Bryggja vart med i Stad kommune, for det gjer han sjølv så ofte han kan.

Møtet viste også at saka no står høgt på dagsorden i Vågsøy kommune. Sentrale politikarar som Edvard Iversen (V), Morten Hagen (H) og Nils Myklebust (Sp) møtte opp, i tillegg til ordførar Kristin Maurstad (Ap) som er busett på Bryggja. Det same gjorde næringslivstoppen Sindre Kvalheim i Local Host. Dei fekk 15 minutt taletid på slutten der dei tok til orde for at folk på Bryggja må vente på avklaringar, ta det med ro og sjå situasjonen an før dei gjer noko.

Til det svarte Yngve Flo:

– Alt blir aldri endeleg avklart. Det er no de får spørsmålet og har sjans til å gjere noko med saka. Folk må kjenne etter kva dei føler og svare etter det.