Senterpartileiaren er på valkampturne og var tysdag i Eid der tema mellom anna var framtidige Kinn kommune.

– Fokuset var mykje på Kinn, og han tok meg i handa på at det blir reversering, seier lokallagsleiar og varaordførar i Vågsøy, Nils Myklebust.

– Kinn er ein konstruksjon som er i strid med intensjonen i kommunereforma, og det vil ikkje fungere i praksis. Det er ein heilt surrealistisk situasjon, var beskjeden vi fekk frå Slagsvold Vedum, fortset Myklebust.

– Ser Sp sentralt på Kinn som ei tvangssamanslåing?

– Ja, det er utløyst av ein del tvang, og også tvang overfor folk i og med at innbyggjarundersøkelsen ikkje er lagt til grunn. Då har ikkje kommunestyret følgt råda dei fekk då dei spurte etter folket si meining, seier Myklebust.

– Men Kinn er ikkje formelt eit tvangsvedtak, korleis held Sp sentralt seg til det?

– I prinsippet er det ikkje det. Men Sp stemte imot i Stortinget, det må eit nytt stortingsvedtak til, seier lokallagsleiaren.

Varaordføraren er vald inn som ein av ni i fellesnemnda som skal planlegge Kinn. Første møte er i september.

– Det vil bli vanskeleg på ein del punkt, og det er ein del punkt som ordføraren må avklare. Kva for område skal ein behandle i samarbeid med andre nordfjordkommunar, og kva skal ein ha i lag med Flora? Det er openbert for dei fleste med gangsyn at det er mange samarbeid ein ikkje kan ha med Florø, men som vi geografisk sett må ha med nordfjordkommunar.

Myklebust fortel at han vil gå inn i arbeidet for å sikre Vågsøy-innbyggjarane mest mogleg.

– Vi er valde for å ta vare på innbyggjarane i Vågsøy sine interesser, og det må vi vere oss bevisst. Det same er Flora sine representantar. Og med det utgangspunktet så møtest ein til forhandlingar.

På spørsmål om kva Myklebust vil sikre Vågsøy sine innbyggjarar svarar han følgjande:

– Mellom anna delt kommunesenter, der dei som er forslagsstillarar ikkje veit kva det omgrepet inneber.

– Som motstandar av samanslåinga, får du no ei vanskeleg rolle?

– Eg vil jobbe konstruktivt. Alle veit kva eg meiner, og alle veit kva Kristin Maurstad meiner. Det er mange forhandlingar som blir ført med det utgangspunktet.