20-åringen har nettopp fått jobb som lettmatros på seglskuta Statsraad Lehmkuhl, ein moglegheit ho ikkje kunne la gå ifrå seg.

Les meir om «Likestilt» her.

– Det er ein utruleg sjanse til å oppleve mykje, bli kjend med nye folk og gjere noko annleis, fortel ho.

Ingen landkrabbe

Stårheimjenta fortel at ho slutta på studiet i Ålesund for å ta jobben som lettmatros.

– Eg starta på styrmannskule i Ålesund og planen var eigentleg å halde fram til hausten òg, før eg fekk dette tilbodet, smiler ho.

Starheim fortel at ho synest det er mykje kjekkare å vere på sjøen enn på land, og at dette er den største drivkrafta hennar bak det å satse.

– Eg har ikkje peiling på kva løn eg har, men eg veit at eg trivst best med vind i håret, smiler ho.

Krevjande og lærerikt

Interessa for livet til sjøs kom etter å ha vore med på Tall Ships Races i Måløy i 2015.

Ifølgje Starheim var dei 5 jenter og 58 gutar som budde i lag.

– Å vere på sjøen er utfordrande i seg sjølv, ein er langt vekke og når ein ikkje har privatliv og må sove i hengekøye i tillegg, blir det sjølvsagt utfordrande, ler Starheim.

Trivst med gutane

Starheim fortel at det stort sett berre er i slike tilfelle ho har sakna å ha fleire jenter rundt seg.

– Gutar har jo gjerne ikkje like god orden, og dessutan må ein kanskje tole litt meir, påpeiker ho.

Starheim er likevel klar på at det aldri har vore eit problem å vere ei av få jenter i sitt miljø.

– Eg gjekk først elektrolinja på Nordfjordeid før eg fann ut at det blei for kjedeleg å legge kablar heile dagen. Då var eg den einaste jenta, og det har eg stort sett vore sidan.

Starheim fortel at klassevenninner har droppa ut undervegs.

– Eg trur eg går godt i lag med gutar fordi vi har lik humor og kan prate om same ting, seier ho.

– Det er ikkje alltid så lett å seie ifrå, så eg trur ein berre må lære seg å tole det som måtte kome. Klarer ein det, trur eg ein veks som person òg, understrekar Starheim.

Ho fortel at ho har fått nokre kommentarar på utdanningsvalet sitt opp gjennom åra.

– Dei som ikkje kjenner meg så godt har antyda at det er eit merkeleg val, og at eg ikkje kjem til å klare det. Men dei som kjenner meg har ikkje reagert på det i det heile tatt.

Starheim trur at fleire jenter gjerne vil gå litt utradisjonelle vegar, men kanskje ikkje tør.

– Det er utruleg synd. Livet handlar om å oppleve, og det er ikkje så vanskeleg å få folk til å akseptere val. Berre vis at du er god nok som du er! seier den bestemte jenta.

Ho har sjølv aldri angra på vala.

– Eg angrar ikkje på nokon måte. Alt dette er det kulaste eg har vore med på i heile mitt liv, og eg kan berre beskrive det som eit eventyr!

No reiser ho til Oslo for å få visum til Amerika-reisa som lettmatros om bord på Statsraad Lehmkuhl.