(Illustrasjonsfoto)

(Illustrasjonsfoto)

Får byggje 10,5 kilometer lang kraftleidning

NVE gav torsdag SFE Nett AS løyve til å bygge ei cirka 10,5 km ny 132 kV kraftleidning frå Bremangerlandet vindkraftverk til Rugsundøy.

Ifølgje NVE er kraftleidninga naudsynt for å knyte krafta frå Bremangerlandet vindkraftverk til regionalnettet på Rugsundøy.

NVE har vurdert at den nye leidninga stort sett vil få god bakgrunnsdekning i terrengformasjonane. Eit fjordspenn over Skatestraumen vil gje dei største visuelle verknadene, med krav til merking for luftfart og montering av fugleavvisere. Fjordspennet vil òg gje auka kollisjonsfare for fugl.

NVE gjev samstundes samtykke til oreigning av naudsynt grunn og rettar til bygging og drift av anlegga. NVE gjev òg i dag Bremangerlandet vindpark AS samtykke til oreigning av naudsynt grunn og rettar for å bygge og drive Bremangerlandet vindkraftverk.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå