Det skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

  • OPPDATERING: Fylkesvei 60 i Utvik blir opna for kontinuerleg kolonnekøyring for bilar inntil 15 meter. Det gjeld frå klokka 14.00 fredag, og vogntog kan ikkje passere.

Vegen er å rekne som einvegskøyrt, og det blir difor styrt trafikkavvikling og ledebil. Bilistane må rekne med ventetid på inntil 1 time.

Til å begynne med kan skiltinga vere noko misvisande einskilde stader, då det kan ta litt tid å få oppdaterte skilt på plass.

Omkøyringsvegen vil vere open mellom klokka 07.00 og 21.00, med kontinuerleg kolonnekøyring med ledebil. Det kan bli ventetid i periodar.

– Me har hatt gode erfaringar med opning for gjennomkøyring fire gongar i døgnet, og me har fått avvikla ein del massetransport. Det gir oss rom for å utvide ordninga, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen.

Den midlertidige vegen er å rekne som einvegskøyrt, og det blir difor framleis styrt trafikkavvikling og ledebil. Kontinuerleg kolonnekøyring startar fredag morgon, og til å begynne med kan skiltinga vere noko misvisande einskilde stader, då det kan ta litt tid å få oppdaterte skilt på plass.

Reparasjonsarbeidet i Utvik går framleis for fullt, og entreprenør er godt i gang med å forskale brukaret som skal reparerast. Utvaska strekningar er fylt på med masse, og det skal støypast støttemur langs ein del av strekninga og gjerast plastringsarbeid.

I tillegg til anleggsarbeidet i Utvik, vil det føregå arbeid på strekninga Byrkjelo – Utvikfjellet. Her er det strekningar med utvaska og svake vegkantar som treng reparasjon.