Det var fiskebåten Sjongholm som fekk motorstopp og måtte slepast til land i Måløy av redningsskøyta.

Skipsførar på Halfdan Grieg, Håkon Hansen, fortel at fiskebåten fekk motorstopp ved Gullfaks-feltet natt til søndag.

- Det var ein redningsaksjon på 96 nautiske mil. Vi fekk oppdraget 03:15 natt til søndag og var tilbake rundt 21:00 søndag kveld, seier han.

Han understrekar at det heile skjedde utan noko dramatikk.

- Alt gjekk greitt under forholda, og vêret var godt, så det var ikkje noko problem, seier han.