Utførte skadeverk på ei bedrift

Natt til søndag meldte politiet at nokon hadde utført skadeverk på ei bedrift i Måløy.

Politiet opplyser at dei kjenner til gjerningspersonane, og at dei vil følgje opp saka.

Natt til søndag blei det også meldt om ein mindreårig som hadde fått med politiet å gjere etter at han drakk alkohol på offentleg stad i Måløy. Han blei henta heim av foreldra.

I Kalvåg meldte politiet om fleire mindreårige som var ute og køyrde ATV og moped. Dei vil følgje opp saka over helga. 

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå