– Det kjem stadig fleire. Det verkar som turistar ser fine bilete frå Hoddevik på Instagram, og finn ut at denne staden vil dei også sjå. Vi har i alle fall aldri opplevd så mange turistar som i år. Vi har sett eit tak, og når det er fullt, må vi seie til dei som kjem at dei må finne andre alternativ. Då rår vi dei til å prøve Ervik Camping eller Vestkapp Camping. Mange blir overraska, spesielt dei som har vore her før og er vande med å berre kunne kome og slå opp telt, seier Kjellaug Marie Hoddevik. Ho er ei av totalt fire søsken som hjelper mor og «surfebestemor» Anne Ragnhild Hoddevik (75) med drifta av strandcampen.

Anne Ragnhild Hoddevik seier staden har endra seg fundamentalt sidan ho flytta hit frå Solund i 1970.

– Det var folk i alle hus, dyr på alle bruk og 17 elevar på skulen. Det var ei heilt anna verd, seier ho.

– Mange kjem att år etter år. Viss ikkje mor er her, spør dei etter henne. Ho er surfebestemor i Hoddevik, seier Kjellaug Marie, som til dagleg er lærar i Bergen.

Då vi var på Hoddevik Strandcamp, var det hennar tur til å ta eit tak heime. For etter kvart som straumen av turistar aukar, treng mora hjelp. Dei leiger ut teltplassar, parkering for bubilar og campingvogner, har ansvar for drift av sanitæranlegget, sel kioskvarer på godvêrsdagar, og dei tilbyr parkeringsplassar på eiga mark til dagturistar.