– Det er kritisk for oss. Vi har rekna oss fram til eit negativt utslag for vår del på nesten 1,3 millionar kroner, seier Sætren.

Per i dag er arbeidsgjevaravgifta 10,6 prosent i Vågsøy (sone 2) og 14,1 prosent, for lønskostnadar over 14 millionar, i Flora (Sone 1a).

– Slik vi har forstått det har det i alle tidlegare samanslåingar vore slik at det er den høgste satsen på avgifta som blir valt, fortel Sætren.

Tøff konkurranse

Bedrifta i Almenningen har om lag 90 tilsette, og årlege lønskostnadar på mellom 38 og 40 millionar. Resultatet før skatt i 2016 var på 1,9 millionar.

– For vår del er det ekstremt viktig at vi får dette opp i dagen. Om kommunen heiter Kinn speler inga rolle, men om det kostar oss 1,3 millionar, så er det kritisk for oss, seier Sætren, og fortset:

– Om vi får auka kostnadar på 1,3 millionar så må det bli ei styresak. Det kan vere at vi må kalle inn til eit folkemøte i Almenningen å diskutere grensejustering. Eg forskotterer ikkje at vi skal gjere det. Det er opp til styret korleis vi skal stelle oss til slike kostnadar.

– Det er konkurransevridande for vår del. Arbeidsgjevaravgifta er eit politisk verkemiddel for at ein skal klare å drive lønsamt i distrikta. Vågsøy har dei same geografiske ulempene som Eid, så om vi får ei auka arbeidsgjevaravgift, så er det kunstig, seier Sætren.

Han meiner det er rart at dette ikkje er ei sak som har blitt fronta i langt større grad.

– Eg har stilt spørsmål om dette ved nokre høve, men fått til svar at dette er uavklart. Men dette er noko som vil ramme både kommunen sjølv som arbeidsplass og fleire andre bedrifter i Vågsøy, så eg håpar alle bedriftene engasjerer seg i denne delen av debatten.

Hadde forventa utgreiing

Liv Signe Navarsete, førstekandidat for Senterpartiet i Sogn og Fjordane, besøkte Nordvestvinduet torsdag.

– Om ein slår saman Vågsøy og Flora, så vil den nye kommunen få den høgste satsen på arbeidsgjevaravgifta, slik har det vore i alle samanslåingar. For Nordvestvinduet betyr det at dei vil tape 1,3 millionar. Det er ganske dramatisk for ei bedrift på deira storleik. Og det er fleire bedrifter i Vågsøy som vil tape pengar om dette slår ut. Kommunen sjølv vil tape enno meir, fordi dei må betale avgift frå første tilsette, seier ho.

For private verksemder har ein eit botnfrådrag på 14 millionar i Sone 1a. For kommunen har ein ikkje ei slik ordning.

– I andre samanslåingsprosessar, som eg følgde som kommunal- og regionalminister, var dette eit av dei store tema. Eg syns det er underleg at ein ikkje har teke ei grundigare runde.

Ho får støtte frå partikollega Nils Myklebust.

– Det er heilt utruleg at der ikkje er laga noko utgreiing av dette før ein fatta vedtak om samanslåing av Vågsøy og Florø.

– Arbeidsgjevaravgifta skal bli gått gjennom frå statleg hald. Dagens ordning varer fram til 2021, og der vil bli sentrale utgreiingar på differensieringar i avgifta. Arbeidsgjevaravgifta har ikkje blitt greidd ut frå vår side, men det er noko vi må sjå på, svarar ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad (Ap)