Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende 15. august.

Ei ventetid på fleire timar er ikkje haldbart

I år har problem med ferjer og hurtigbåtar vore ein gjengangar. Slik kan vi ikkje ha det. Ikkje minst sambandet Lote-Anda har hatt alt for mange avgangar kansellert på grunn av vær eller tekniske problem. Ikkje minst vart dette merkbart då trafikken auka etter at Utvikfjellet vart stengt. I juli i fjor hadde Utvikfjellet ein døgntrafikk på nesten 2.200 køyretøy. Når dette kjem på toppen av eit svært trafikkert samband er ikkje stadige problem med ferjene det ein treng. Ei ventetid på fleire timar er ikkje haldbart på eit så viktig samband.

Ikkje berre er det folk som bur på eine sida av sambandet og som har arbeidet sitt på den andre. Det er også mange som er avhengig av ferja for å nå tildelt time på Sentralsjukehuset eller med andre. No har Eid-ordførar Alfred Bjørlo fleire gonger teke til orde for at den stødige travaren MF Lote må tilbake i det sambandet den var bygd for å trafikkere. Ferja vart flytta i 2015 for å verte ferje nummer fire på sambandet Vestnes-Molde. Det er sikkert rett at dette sambandet treng reserveferje, men finn då ei anna enn den som trufast tente folket i Nordfjord i svært mange år.

Også hurtigbåtane som går til og frå Bergen har hatt sine problem. Vi kan stadig lese om ruter som er forseinka eller innstilt. Sist veke var båten frå Sogn innstilt og båten frå Nordfjord framme i Bergen over ein halv time etter ruta. Dette er på ingen måte greitt nok. Det er mengder av folk som har time på Haukeland for nødvendig behandling. Også for dei som skal vidare ut i verda frå Bergen er det av avgjerande betyding at rutene korresponderer. Sjølv om lokale bussar ofte ventar på hurtigbåtane, gjer ikkje fly, tog og andre båtar dette. Dei går når tida for avgang er komen. Det bør også ferjer og hurtigbåtar gjere.