Dette er eit betre resultat enn fjoråret.

Resultatet for fyrste halvår 2016 var påverka av netto positive eingongseffektar på 55 millionar kroner, heiter det i ei pressemelding frå Sparebanken Vest.

- Banken leverer eit godt resultat i kvartalet og for halvåret. Resultatet er prega av flat kostnadsutvikling og auka netto renteinntekter. Samstundes gjev banken sitt målretta arbeid over tid på kredittsida positive effektar gjennom låge tap, seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest i pressemeldinga.

For andre kvartal isolert var resultatet før skatt på 436 millionar kroner og ein eigenkapitalavkastning på 10,7 prosent. Resultatet for same periode i fjor var påverka av netto positive eingongseffektar på 59 millionar kroner.

Låge tapNetto renteinntekter var i andre kvartal 631 millionar kroner mot 601 millionar kroner i same periode i fjor. Andre kvartal viser låge nedskrivingar på utlån og garantiar på til saman 21 millionar kroner, der 3 millionar er gruppenedskrivingar.

- Sparebanken Vest har god diversifisering og kvalitet i utlånsporteføljen. Utviklinga til no i år, kombinert med betre makroøkonomiske signal, tilseier at tapsanslaget for året som heilskap vert noko lågare enn tidlegare kommunisert, forklarar Kjerpeseth.

Stabilt låge kostnadarDriftskostnadane er 360 millionar kroner i kvartalet. Kostnadsutviklinga er og flat samanlikna med fyrste kvartal.

- Vi er særs nøgd med kostnadsutviklinga i ei tid der omstillings- og utviklingstakten i banken er høg. Vi forventar at kostnadane vert på dagens nivå og framover, seier Kjerpeseth.

Høg kundeaktivitetSparebanken Vest har som målsetjing ytterlegare auka vekst i utlån til personmarknaden, trass i eit strammare regulatorisk utlånsregime.

- Konkurransen i marknaden er sterk, men banken opplever høg kundeaktivitet og har ein vekst i utlån til personkundar siste 12 månader på 6,8 prosent trass i strengare regulering frå styresmaktene. Sparebanken Vest er lokalt til stades og vi ser at vår forretningsmodell verkar. I bedriftsmarknaden opplever banken god tilgang på prosjekter i SMB-segmentet, og vi er selektive basert på lønsemd og kapitalbinding på prosjekta. Veksten siste 12 månader i bedriftsmarknaden er 6,6 prosent, fortel Kjerpeseth.