I ei pressemelding frå norsk målungdom skriv dei at målungdomen ikkje er nøgde med nynorsktilbodet frå dei fleste nettbrettleverandørane som leverer programvarer til for eksempel skular .

- Fleire og fleire skular har byrja å nytte appar på nettbrett og iPadar i undervisninga, men svært få nettbrettleverandører gjev eit godt nok nynorsktilbod. Det krev Norsk Målungdom at kunnskapsministeren ordnar opp i, heiter det i pressemeldinga. – Dette går utover nynorskopplæringa, både for  nynorsk- og bokmålselevar, seier nestleiar i Norsk Målungdom, Elise Tørring.– Det er særleg alvorleg at nynorskelevane ikkje får eit like godt tilbod som bokmålselevane. Kvifor skal nynorskelevar og deira føresette godta at framtidas læremiddel ikkje finst på deira skriftspråk? spør ho.Opplæringslova slår fast at alle læremiddel som blir nytta på  jamnleg basis skal vera tilgjengelege på både nynorsk og bokmål.  Trass i dette er fleire av appane som blir nytta i klasserommet no, ikkje tilgjengelege på nynorsk.Norsk Målungdom meiner og at eit betre nynorsktilbod på nettbrett kan bidra  til betre nynorskundervising og betre haldningar til nynorsk.Rettskrivingsprogramma for nettbrett har lågare kvalitet enn på PC, særleg på nynorsk.– Mange elevar som har nynorsk som sidemål får god støtte av rettskrivingsprogramma. Rettskrivingsprogram er ei viktig støtte i skulekvardagen, og eit meir fullverdig nynorsktilbod kan gjere haldningane bokmålselevane har til nynorsk betre, seier Tørring.Organisasjonen presiserar at dei ikkje er imot nettbrett i skulen.

– Vi ser at nettbrett kan gje nye moglegheiter i undervisninga. Kunnskapsministaren må ta ansvar for at nynorsktilbodet blir godt nok. Han må stille krav til dei som utviklar appane og programvarene som vert nytta i skulen, slik at nynorsk vert lett på nettbrett, slår Tørring fast.