Det syner nye tal frå SSB.

Så langt i 2017 er det sett i gang og fullført bygging av 90 nye bustader i Eid (45 igangsette og 45 sluttførte). På dei neste plassane følgjer Sogndal, Førde, Flora, Stryn og Gloppen, ifølgje SSB.

– Høg bustadbygging er ein svært viktig indikator på vekst og utvikling, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), i ei pressemelding.

– Eid kommune har over lang tid lagt stor vekt på å ha ferdig regulerte tomter og areal til bustadbygging. Det ser vi no effekten av. I ei tid med redusert aktivitet i petroleumsnæringa, som i mange år har trekt folk mot Oslo, Bergen og Stavanger og utkonkurrert næringslivet i Sogn og Fjordane, er no næringslivet i Sogn og Fjordane i vekst. Det gjer at potensialet for tilflytting og vekst i  Sogn og Fjordane er langt større i åra framover enn i åra vi har bak oss. Då er offensive strategiar for bustadbygging viktig, seier Alfred Bjørlo.

– Tala indikerer også at vi vil få sterke forskyvingar i folketal internt i Sogn og Fjordane i framtida. Det er svært stor skilnad i bustadbyggjeaktivitet på dei 6-7 kommunane i fylket der det blir bygd mest og på dei øvrige - langt meir enn skilnader i folketal skulle tilseie. Eit døme illustrerer dette: Så langt i år er det bygd like mange bustader i Eid kommune åleine som det er bygd bustader til saman i dei 16 kommunane i Sogn og Fjordane det blir bygd minst.

I desse 16 kommunane bur det i dag om lag 40.000 innbyggjarar – i Eid bur det 6.000.

– Eg trur det blir viktig for alle kommunar framover å innsjå at svært mange ynskjer å bu «urbant» - også i eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane. Utvikling av gode tettstader med konsentrert utbygging, god tilgang på leilegheiter og alle funksjonar samla nært kvarandre blir ei vinnaroppskrift for å få vekst i framtida, seier ordførar Alfred Bjørlo (V).

Igangsette og fullførte bustader samla 1. halvår 2017:

Vågsøy: 17

Selje: 4

Eid: 90

Bremanger: 0

Fjordenes Tidende er kjent med fleire prosjekt i vårt dekningsområde som er fullført første halvår av 2017 og som ikkje er inkludert i denne statistikken. Dette gjeld mellom anna leilighetskomplekset Bryggen Panorama i Måløy. Vi har difor vore i kontakt med Statistisk sentralbyrå (SSB) som forklarer at det kan skje forseinkingar i statistikken som baserer seg på tal frå dei respektive kommunane.