– Eg har fulltinga dei sju sengene eg leiger ut for fleire år framover, så eg driv ikkje marknadsføring og eg tek ikkje imot turistar som kjem på døra og treng overnatting. Men eg har merka auka pågang i sommar, seier Lerfald.

Ho omtalar Akka Surf som eit kollektiv. Det er heimen hennar, og dei som leiger hjå henne har tilgang til heile huset, også der ho sjølv bur.

Det er likevel ei opning for den som vil overnatta hjå Akka Surf.

– Sorterer du plast i minst to timar, får du slå opp teltet gratis i hagen. Men det har vore fullt her også, fortel ho.