Namn:  Odd Gunnar MyhreAlder:  41Adresse:  KvalheimSivilstatus:  sambuarYrke:  tenesteleiar kulturAktuell med: Arrangerer kurs 24. august for lag og organisasjonar om korleis søke midlar

– Kven er arrangør?

– Det er Vågsøy kommune som har tatt initiativet til kurset, men det er Sparebankstiftinga ved Pål Fidjestøl som skal halde møtet.

– Kva slags kurs er dette?

– Det er eit kurs for lag og organisasjonar som ønskjer å få opplæring i korleis ein kan søke om støtte til ulike prosjekt og idear. Kurset er generelt på ulike søknadsordningar, men det kan hende det blir eit lite ekstra fokus på Sparebankstiftinga si søknadsordning sidan fristen der er no 1. september.

– Kvifor treng ein gå på kurs for å søke om midlar?

– Det er viktig å skrive ein god søknad for å vere med i konkurransen om å få løyvd midlar. Og så er det mange gode idear rundt om i lag og organisasjonar, og her er ein moglegheit til å skaffe seg midlar til å få dei realisert. Det er også viktig å fenge dei som skal vurdere søknaden si interesse, og skilje seg litt ut, i tillegg til at det er ein del tekniske ting som kan vere lurt å få med seg som utforming av ulike søknadar og kva som må med av informasjon og liknande.

– Kven er kurset for?

– Det er for alle lag og organisasjonar, innanfor idrett, musikk, velforeiningar, bygdelag. Alle som føler dei har behov for midlar. Og det er ikkje berre for lag og organisasjonar i Vågsøy. Alle som vil frå andre kommunar kan også kome, og det er ikkje påmelding. Kurset blir på rådhuset.

– Kva kan ein typisk søke om midlar til?

– Mange stiftingar støtter gode prosjekt, gode idear som mange kan ha glede av. Og så er det ulike prioriteringar frå stifting til stifting, nokre har fokusområde som barn og unge, fysisk aktivitet eller inkludering. Det varierer også frå år til år.

– Kvifor bør folk møte opp for å lære seg betre søketeknikk?

– Eg veit at behovet finst der ute i lag og organisasjonar. Der er mange idear og gode prosjekt, og her er moglegheita til å hente inspirasjon, få kunnskap om ordningane og kanskje skaffe seg litt midlar. Det er også ein moglegheit til å treffe andre og diskutere prosjekta sine, kanskje dukkar det opp eit samarbeidsprosjekt i løpet av eit sånt kurs.