Dropp ned- legging av både Holvik og Bryggja skule

No føler Ap og Høgre seg pressa av Bryggja.

Det har gått opp for dei at Vågsøy verkeleg kan miste Brygga, og at det vil vere svært negativt for Vågsøy.

Så no kjem antydningane om at dei vil sjå på Bryggja skule på nytt.

Vår oppfordring til Bryggja-folk: Vakre ord og lovnader har de høyrt før. Stol på handlingar – ikkje på ord.

Og til Høgre og Ap: Legg vekk heile skulenedlegginga både i Holvik og på Bryggja i påvente av kommunesamanslåinga.

Ta Flora-politikarane på ordet når dei seier at det ikkje er grunn til å legge ned barneskular av denne storleiken.

Kvifor skal ein gjere det verre for ungar og småbarnsforeldre når de samstundes argumenterer for at kommunereforma er for å gje betre kommunale tenester?

Raudt meiner vi må behalde det vi har når vi skal gå saman med Flora.

Anita Æsøy Nestleiar, FFO Sogn og Fjordane

No ringer skuleklokkene, men ikkje alle kjem inn

Heile 80 prosent av norske skular har fysiske barrierar som stenger elevar med funksjonshemming ute. Det er eit likestillingsproblem. Korleis har stortingskandidatane i Sogn og Fjordane tenkt å løyse dette?

Blant Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon Sogn og Fjordane sine 82 medlemsorganisasjonar er det mange barn og unge med funksjonshemmingar og kroniske sjukdomar som har behov for fysisk tilrettelegging av skulen sin. Desse elevane møter ofte hindringar når skuleklokka ringer.

Tilgjengelege skular, og skular med universell utforming er vegen å gå for at norske skular skal vere for alle elevar. Det betyr at eksisterande skulebygg må oppgraderast, og at nye skular må byggjast universelt utforma. Men heile 3 av 10 av nybygde undervisingsbygg vert ikkje bygd slik. Det er eit lovbrot etter plan og bygningslova, uhaldbart, og bidreg til at samfunnsskapte barrierar blir verande.

Det er store ulikskapar frå kommune til kommune, og frå skule til skule, på kor tilgjengelege bygga er. Men felles for alle skulane er at dei fysiske barrierane går ut over elevane. Berre 20 prosent av barn med fysisk funksjonshemming går på nærskulen sin. Slik vert dei stengt ute frå det sosiale miljøet i nabolaget sitt, og mange kan få ein uforholdsmessig lang veg til skulen. Det er ikkje rettferdig.

Mange elevar med funksjonshemming mistrivst i skulen i større grad enn andre barn. Mange misser motivasjonen for å fullføre. Nesten dobbelt så mange med rørslehemming har grunnskule som si høgste utdanning, samanlikna med nivået i befolkninga elles. Samtidig veit vi at funksjonshemma med høg utdanning har større sjansar for å kome i jobb enn dei med lågare utdanningsnivå. Det er i alle si interesse å gje alle barn den beste skulen dei kan få – også fysisk.

I år skal Barne- ungdoms og familiedirektoratet (Bufdir) for første gong lage eit vegkart for ein universelt utforma skule. Målet er å finne ut korleis oppgradering av fysisk tilgjengelegheit i eksisterande skulebygg og anlegg kan sørge for at skulane blir inkluderande møteplassar og nærmiljøsenter. For å sikre at vegkarta varetek ulike omsyn, og at tiltaka vert forankra der dei skal gjennomførast, vil Bufdir involvere ansvarlege brukarorganisasjonar i miljøet.

Dette initiativet støtter FFO heilhjarta! Skal vi nå målet om at alle barn skal få eit likeverdig opplæringstilbod tilrettelagt for den enkelte sitt behov, må vi sørge for at skulebygga er tilgjengelege. Vi meiner det fysiske skulemiljøet må vere tilgjengeleg for alle elevar innan 2025, og universelt utforma få år etter – og at dette må sikrast i forskrift.

Kjem stortingskandidatane i fylket til å bruke Bufdirs rettleiar? Kven vil i neste stortingsperiode jobbe for å sikre betre tilgjenge på norske skular?

Snart er det val, og vi ser fram til stortingskandidatane sine svar.