– Vi har dei siste åra jobba med å auke omsetnaden og redusere gjeldsgrad, og dermed ytterlegare styrke soliditeten. Det er viktig i en bransje som kan oppleve sterke konjunkturar. Vi har i 2016 refinansiert konsernet i Sparebanken Vest, og har rigga oss for å gjere ein del reinvesteringar i tida framover. Vi har òg motteke gunstig finansiering frå Innovasjon Norge. Med unntak av at byggmassen sjølvsagt må vere på stell, er andre investeringar strategisk informasjon som eg ikkje vil gå nærmare inn på, seier Kvernevik.

Fiskevegn leverte eit driftsresultat på 10,9 millionar, av ein omsetnad på 95,9 millionar, i 2016. Resultatet før skatt var på knapt 3 millionar, etter finanskostnader på ca. 10 millionar.

Kvernevik seier dei store finanskostnadene i hovudsak er knytt til selskap i Latvia.

– Som mange andre selskap som etablerer joint-venture produksjon i utlandet må vi ettersom tida går ta atterhald om partnerane si betjeningsevne for større, langsiktige fordringar. Det har vi gjort ved denne korsvegen, etter samtidig å ha sikra oss i forhold til aktiva i tilknytta selskap.

Posten sum eigedelar er styrka frå 60 til 66 millionar kroner frå i fjor. Eigenkapitalen er styrka frå 30 til 33 millionar.

– Det er direkte følgje av årsresultatet som er avsett til annan opptent eigekapital.

Omsetnaden er auka til knapt 96 millionar frå 89 i 2015. Går ein tilbake til 2012 var omsetnaden 64 millionar kroner. Med andre ord har verksemda vakse merkbart dei siste åra.

– Som global leverandør med marknad frå Alaska til New Zealand vil vi erfare opp- og nedkonjunkturar, men som underliggande trend dei siste åra ser vi ein omsetnadsvekst som vi satsar på å utvikle.

Flatraket-verksemda har aldri fått inn så mykje pengar som i 2016. Eit resultat er at staben er auka med fem i løpet av halvtanna år, til kring 40.

– Produksjonsstaben er stabil, ein solid arbeidsstokk gjer at vi har løyst mykje gjennom skiftordningar. Det er på sal og utvikling vi har hatt størst auke. Vi har tilsett tre på Flatraket, ein i Ålesund og ein i Madrid.