Vest politidistrikt meldte litt før klokka fire laurdag om eit trafikkuhell på rv. 15 ved Nygård i Vågsøy. Ein motorsykkel hadde køyrt av vegen.

Naudetatane rykte ut til ulykka. Føraren, ein gut i tenåra, vart undersøkt av helsepersonell på staden, og etter kvart også sendt i ambulanse til Nordfjord sjukehus for ytterlegare sjekk.

Informasjonen naudetatane hadde på staden tyder imidlertid på lettare skader.

Politiet melder at ulykka ser ut til å ha skjedd i samband med ei forbikøyring.

Vegen er no open for ferdsle, og bilerging er varsla..