– Eg syns ærleg talt at miljøet i kommunestyresalen og den praten som politikarar driv med utanfor salen til tider er for brutal. Det er lite respekt for at det er folk som er med på å ta eit samfunnsansvar, ubetalt såleis, meiner Kupen.

Les meir om «Likestilt» her.

Ap-politikaren, som er medlem både i kommunestyret og i formannskapet, har sett seg lei på haldningar som blir fronta både i møtesalen og utanfor.

– Det går veldig mykje på person, og spesielt den personifiseringa av saker trur eg er eit problem som skapar frykt for å gå inn i politikken. Det er ikkje ein krig, det er ein dugnad, slår lokalpolitikaren fast.

7 av 27 er damer

Kupen peikar samstundes på at damer i politikken får langt tøffare medfart enn sine mannlege kollegaer i sosiale media.

– Dette har utvikla seg med Facebook. Det er mange fleire som engasjerer seg i den politiske debatten. I politikken vel ein ikkje alltid den enklaste vegen. Om eg ser vekk frå saker eg sjølv har vore involvert i, så har eg til gode å sjå ein mann i Vågsøy-politikken få gjennomgå så grundig på Facebook, som det damene får.

– Det er ikkje nødvendigvis du som person som får ein idé om å seie noko. Du må kanskje seie noko som er bestemt i eit gruppemøte. Av og til seier du ting du kanskje ikkje er 100 prosent einig i, andre gongar frontar du noko du brenn for.

Bekymra for rekrutteringa

I kommunestyret i Vågsøy er det i dag 27 medlemmar. 20 av desse er menn og 7 er kvinner.

Frode Kupen er inne i si andre periode som kommunestyrepolitikar. Gjennom sine mange ulike verv har han fått innsyn i kor mange menn som kjem i posisjonar, og kor mange kvinner som gjer det same.

– Eg ser heilt klart eit mønster i kva som brukar å skje. Det er dei same personane, og dei same mennene som går igjen. Eg er bekymra for korleis vi skal klare å rekruttere kvinner inn i politikken framover, seier lokalpolitikaren og legg til:

– I om lag alle gruppene er det mindretal av damer. Dette såg sikkert annleis ut då stemmesetlane var ute, men det er litt av problemet. For meg verkar det som at sjølv om ei liste er sett opp til val, så fell kvinnene ned på lista når folk byrjar å gjere endringar på listene.

– Få damer å ta av

Ap-politikaren trekker igjen fram miljøet i det politiske rom:

– Eg vil tru at ute blant veljarane er haldningane gode, det kan eg ikkje seie så mykje om. Det kan vere heilt andre grunnar til at kandidatar ikkje kjem inn. Men generelt sett i kommunestyre og formannskap synst eg det til tider ikkje kan vere ein arena som alle ville like seg på.

– Der skal lista ha kjønnsbalanse. Det blir også eit problem når vi kjem til grupper som skal settast ned, der ein skal velje frå kommunestyret. Det blir til at enkelte personar må gå igjen og igjen, og der er litt få damer å ta av.