Fagleiar Thomas Øvstedal yngste alle velkomne til skulen igjen etter sommarferien.

– Svelgen skule skal vere ein plass der alle trivast og ha det godt. Alle skal bli inkludert. Difor har vi reglar for korleis vi skal vere mot kvarandre. Vi er på skulen for å lære. For å få dette til er det viktig at vi tek vare på kvarandre. Vi har alle eit ansvar for at dei rundt oss har det godt. Og når dei rundt oss har det godt, så har vi det godt sjølve. Då kan vi leike saman, vi kan samarbeide og vi kan jobbe. Då kan vi lære, sa Øvstedal.

Det er 188 elevar ved Svelgen Oppvekst i år frå 1. til 10. klasse.

I første klasse var det ni forventningsfulle barn som kanskje hadde den aller mest spennande dagen av alle.