Knappe 62 millionar var det billegaste tilbodet.

Han var torsdag med på tilbodsopninga på regionvegkontoret i Leikanger, saman med byggjeleiar Geir Magne Tyssebotn og representantar frå eit par av entreprenørselskapa. Då alle dei seks pakkane var opna, stod Lemminkäinen Norge AS igjen med det rimelegaste tilbodet.

Tunnelen går forbi den mest skredutsette strekninga mellom Halsen og Gatteneset, på veg til Honningsvågen. Det er også regulert eit massedeponi ved Teigane for bruk og plassering av overskot av massar.

Lista over tilbod var som følgjer (summar eksl. mva.):

  • Lemminkäinen Norge AS, Oslo                    61.979.790,86 kr

  • Flage Maskin AS, Voss                                65.804.311,39 kr

  • Kruse Smith Entreprenør AS, Stavanger     68.572.487,00 kr

  • Aldesa Construcciones SA, Spania              76.679.705,99 kr

  • Strabag AG, Austerrike                               83.614.657,07 kr

  • Leonhard Nilsen & Sønner AS, Risøyhamn 85.933.837,72 kr