Stadpipe fekk bokført eit resultat før skatt på 3,95 millionar kroner av ein omsetnad på 61,9 millionar i 2016. Året før var resultatet 313.000 kroner av ein omsetnad på 34,6 millionar.

– I alle hovudsak kjem veksten frå landbasert oppdrett, seier dagleg leiar Nils-Per Sjåstad.

Den siste utviklinga innan lakseoppdrett er resirkuleringsanlegg på land, der laksen veks seg større enn tidlegare før han blir sett i sjøen. Dermed blir tida i sjøen kortare og eksponeringa mot lus reduserte. Dette er eitt av fleire tiltak næringa har sett i verk i kampen mot lakselus.

Dette bygget i næringsparken på Leikanger er hovudbasen til Stadpipe.

Marine Harvest har eit slik anlegg oppe og går i Steinsvik i Dalsfjorden, der Stadpipe hadde ansvar for rørsystema. Liknande anlegg er på gang i Svelgen i regi av Steinvik Fiskefarm, og familien Bakke i Davik har planar i Smørhamn.

Stadpipe overleverer i august eit anlegg til Astafjord Smolt i Gratangen i Troms.

Byggjer to storanlegg

Dei såkalla RAS-anlegga blir større og større. Det i Steinsvik var verdas største landbaserte resirkuleringsanlegg då det opna.

No fortel Sjåstad i Stadpipe at dei er engasjert av Krüger Kaldnes i samband med bygginga av to tilsvarande anlegg - på Fitjar i Sunnhordland og Follafoss på Fosenhalvøya i Trøndelag.

Ifølgje Sjåstad er anlegget på Fitjar dobbelt så stort som det i Steinsvik. Krüger Kaldnes leverer nøkkelferdige anlegg, kunden på Fitjar er Lerøy Sjøtroll, på Follafoss SalMar.

– Vi har arbeid på Fitjar til sommaren 2019, seier Sjåstad.

Veksten innan oppdrett gjer at oljenedturen uansett blir som små krusingar på overflata for Stad-verksemda.

– Inntektene frå 2016 har halde fram i 2017, vi siktar mot om lag same omsetnad i år, seier Sjåstad.

Har vakse til 37 tilsette

Sidan starten i 1995 har Stadpipe vakse fram til å bli ei av fleire ekspansive verksemder med adresse Stadlandet. Dei tel no 37 tilsette.

29 av dei tilsette er knytt til Stadlandet, resten er i Bergen. Av desse er tre lærlingar.

– Vi rekrutterer lokalt. Alle lærlingane kjem frå Nordfjord. Vi har også rekruttert til administrative stillingar, det må vi sikkert halde fram med.

– No er oppdrett vår største næring, og vi trur det blir ein god del jobb her vidare. Alle dei største aktørane i Norge vil no byggje slike landbaserte resirkuleringsanlegg der 95 prosent av vatnet blir brukt opp att. Etter kvart vil marknaden nasjonalt bli fylt opp, men då har vi ein internasjonal marknad, peikar Sjåstad på.

– Eg er godt nøgd med at vi har klart å tene pengar samstundes som vi har vakse. For det kostar å vekse.