22-åringen har vore sakna frå heimen sin i Tiurvegen i Svelgen sidan tysdag ettermiddag. Han vart meldt sakna onsdag kveld. Etter det har det har store styrkar delteke i leitinga etter den sakna personen.

Operasjonsleiar i Vest Politidistrikt, Trond Hatlenes, seier til Fjordenes Tidende at det ikkje er noko som tyder på at det har skjedd noko kriminelt.

Alle pårørande er varsla om funnet av den unge personen som altså var død.

- Vi er imponert over alle som har stilt opp og delteke i leiteaksjonen. Det har vore mange som har brydd seg. Tusen takk til alle desse, seier Hatlenes.