– Om Frp hadde fått fleirtal for dette, hadde det nok blitt sånn allereie tidlegare i vår. Tvang er aldri ei kjekk løysing. Vi hadde håpa det kunne ordna seg med frivilligheit, seier Dalsbotten.

– Så Frp vil tvangssamanslå Bremanger inn i Kinn om ein sit med makta etter valet i haust?

– Frp har programfesta at ein i unntakstilfelle kan gå inn og overstyre, ja.

– Er dette ein slik situasjon?

– Det kjem an på om ein får fleirtal eller ikkje, men Frp er klar på at der det ligg føre sterke faglege tilrådingar vil vi sjå på det. Og spesielt i situasjonar der ein kommune stenger for to andre, seier Dalsbotten og viser til Telemarksforsking sin rapport og Fylkesmannen sin klare uttale om at fordelane ved samanslåing er større enn ulempene også for Bremanger.

– Så du vil argumentere for tvang mot Bremanger?

– Eg vil ikkje bruke ordet tvang, men eg meiner Bremanger bør kome på banen og bli med. Dei vil vere meir tent med det for framtida. Eg trur det er mogleg å få til gode løysingar.

Villige til å gi

Dalsbotten fortel at Frp sitt ønske om å få Bremanger med er heilt reelt. Og dei er villige til å gi for å få.

– Det er diskutert kva som skal til for å få Bremanger på glid. Blant anna eit forslag om å gjere Svelgen til kommunesenter. Svelgen er jo eit naturleg midtpunkt, så eg meiner det vil vere eit godt utgangspunkt for vidare forhandlingar.

Dalsbotten er opphavleg sjølv frå Bremanger, og meiner at det for heimkommunen vil vere best å bli innlemma i Kinn.

– Vi treng ein stor kystkommune som ei sterk motvekt til store kommunar i indre delar av fylket. Bremanger åleine vil få lite tyngde i ein slik samanheng, seier Dalsbotten, som meiner kommunegrensene frå 60-talet er utdatert.

– Det er grenser som blei teikna før internett. Uansett kor administrasjonen ligg, er det berre eit tastetrykk unna.

Bør seie ja til invitasjon

Dalsbotten meiner Bremanger bør følge oppmodinga frå Telemarksforsking om at partane igjen snakkar saman om korleis ein storkommune beståande av Bremanger, Vågsøy og Flora kunne blitt.

Enno ligg det ikkje føre ein formell invitasjon frå naboane, men om den kjem, meiner ho at Bremanger bør slå til.

– Eg trur utfallet uansett blir samanslåing, og då er det best å vere med på forhandlingane på eit tidleg tidspunkt, seier ho.

Stor motstand

Hovudargumentet til Telemarksforsking mot ei samanslåing av Bremanger inn i Kinn handlar om motstanden det er mot fusjonen i Bremanger.

Dalsbotten trur motstanden har sin grunn i frykt for å miste tenester som skular og legekontor.

– Men det paradoksale i saka er dette: Etter at samanslåinga var oppe i Stortinget, og Bremanger slapp unna samanslåing, har kommunestyret i Bremanger bestemt seg for å greie ut om kommunen skal sentralisere alle ungdomsskulane til Rugsund. Forslaget frå Sp handla også om å sentralisere legekontora. Mitt inntrykk er at dette skapte langt meir reaksjonar enn det å slå saman administrasjonen i tre kommunar. Dette forslaget viser jo også med all tydelegheit at det å stå åleine ikkje er nokon garanti for å halde på tenestene lokalt, seier ho, og legg til:

– Samanslåinga er meint å skulle styrke tenestene til innbyggarane. Det vil bli færre administrative stillingar, men formålet er fleire kommunale stillingar innan velferd og oppvekst. Kommunereforma er ei kvalitetsreform, ikkje ei sparereform. Ressursane må brukast meir fornuftig.

Vil lytte til kva Bremanger vil

Sogn og Fjordane Høgre sin førstekandidat, Frida Melvær, meiner partiet vil lytte til kva Bremanger sjølv ønsker.

– Eg har ikkje fått nokon signal frå partiet på bruk av tvang mot Bremanger. For oss er det viktig å lytte til dei vurderingane Bremanger sjølv gjer. Det er sjølvsagt ønske om å få til ei god samanslåing og ein felles bu- og arbeidsmarknad, men ønska til kommunen sjølv må prioriterast, seier Frida Melvær.

Ho meiner det vil sitte langt inne å tvinge Bremanger inn i Kinn.

– Eg kan ikkje uttale meg for heile partiet om tvangssamanslåing, men personleg vil eg lytte til tilrådingane og så blir det ei avveging. Og eg er ikkje i tvil om at vi treng ein sterk kystkommune med eit samanhengande bu- og arbeidsområde som kan vere ein motor på kysten, meir enn det Vågsøy og Flora vil utgjere åleine. Ein slik kommune ville vore eit løft etter mi meining.

– Så partiet har ikkje teke eit standpunkt på dette?

– Vi har ikkje konkludert med noko. Men eg håpar Bremanger gjer gode vurderingar og veg fordelar mot ulemper, seier Melvær.