Oppdatering:

Klokka 16:37, tysdag, var den sakna mannen kome til rette, og søket blei avslutta.

Mannen blei meldt sakna frå ein institusjon på Nordfjordeid like etter klokka 15.00, tysdag etter å ikkje ha vore observert sidan 10.00 same dag.

Det blei sett i gong leiteaksjon, og både Røde kors og Norske redningshundar vart varsla.

Familien til den sakna opplyser at han har på seg ei kvit, stripete T-skjorte. Mannen er slank og omlag 170 centimeter høg.

Den sakna er grå i håret, snakkar gebrokkent og har ei skade/lammelse i ei arm.